VELKOMMEN TIL SILDOGKULTUR.NO
SILDAKONGE OG SJØOFFISER
SILDAKONGENS HALL
KONGELIG NORSK SILDAMARINE
SILDAKONGEN AOSM'S PRODUKTER
ARRANGEMENT MED SILDAKONGEN
PRISER
KONTAKTINFO SILDAKONGEN AOSM
Sildakongen Arvid Otto Sildenskiold Mørch

KONGELIG NORSK SILDAMARINE OG FRISEILARUNION

SITATET: av Hans Børli, norsk forfatter
Liberalismen er det verste av alt. Denne godfjottete toleransen som sier at alt skal tåles, alt skal behandles «objektivt».

DANSEN PÅ "LIVETS KLYVERBOM"
av Sildakongen Arvid Otto Sildenskiold Mørch

1
Eg drar i mi åra, og mi rau gneg på tofte, eg lyer kommando og blir svett i mi kofte, 
for eg veit at den som lyer kommandorop, kan bli offiser for den heile hop. 
Den som dansar på livets klyverbom, han opnar sitt eige hjarterom.
Når Herren står til rors kan du dansa fritt, på båras harde og stormfulle ritt.

2
Då syng det i stag og det dirrar i vant, det skjelver i skutas grunnbygde spant.
Du skal sykkja i hav dei bruer du brant og hogga i fjell dei sigarar du vant.
For når dansen går på livets klyverbom, då opnar du ditt eige hjarterom.
Når jagaren drive di livsskute fram, den lokkar og dreg i mot framande land.

3
Men legg du di skuta i havner inn, blir fort lugaren av brennevin stinn.
Mangt eit mannskap og skipprar med, er blitt lokka or kurs og har misst sitt "med".
Ut, ut på havet i dei FRIE farvann, der seglar han best den norske sjømann.
Når storseil, bramseil og toppseil er sett, gløymer han adle serveringsbrett
som blei borne til han på lokkande hofter. For han trivest best i sine sjømannskofter,
dei blå av vadmel med saltvannslukt. Dei som han titt i riggen har brukt!

4
For når dansen går på livets klyverbom, då opnar du ditt eige hjarterom.
Då sleppe du til livets friskaste ving, den som fryser di nagl og river ditt skinn.
For trollveggens klatring er som søndagsskule, jamført med dei reip du må kveile og sule.
For spent står ditt seil og di skute fossar fram, du klyve i riggen som ein kjempande mann.
Du veit kor du trør, du er rask på din fot. Du veit ka du gjere, du fortjena di lot.

5
For når dansen går på livets klyverbom, då blir di skute aldri tom
om i ballast du fer med utkvilte menn, som du veit kan fylle dine lasterom igjen.
Og di ånd rommar den kjærleik som er tent, til dei der heime med det nye Testament
som du fekk med deg i konfirmasjonspresang. Det døyver kjødslyst og brennevinstrang.
I erindring av bøna frå Far og mor, skar du klar syndeporten stor.

6
Når du høyrer dei vers som her er skreve, så handlar det om om å seile og leve.
For når dansen går på livets klyverbom, då blir di skipskiste aldri tom.
Og baugen hoggar seg fram i hav, då blir din verd som havets rav,
når du seglar i storm og kuling og blest, så er borte bra, men heime best.
Så - når du ankrar opp i din heimehavn, gløymer du fort all lengt og savn, som du titt har kjent på der ute.

7
Epilog
Om mine skjortebryst er kvite og mine Stormfyllte segl likeså,
Så blir dei nok aldri så kvite, som dei Havets Fuglar Herren har vaska på.
For det er livets isterdrypp som skal gjera, at Livstrossa ikkje seg trevla,
når hu ein gong skal treast igjønå evighetens nålauga.